Austevoll 667

Øyhopping i kystperleriket Austevoll

Med piknikkurv i hånden går du ombord i lokalbåten fra Bekkjarvik kai. På Møkster blir det landgang og dagen tilbringes i et vakkert kultur- og kystlandskap hvor møte med tamme villsauer er inkludert.

Øyhopping med lokalbåten
Øykommunen Austevoll består av i alt 667 store og små øyar – med storslått kystnatur som småkuperte øyer, holmar og skjær. På 12 av øyane er det fast bosetnad året rundt, og nokon av disse har ikkje  vegforbindelse og bruker enten eigen båt eller lokalbåten i sitt daglege liv.

Du startar med eit roleg døgn på Bekkjarvik Gjestgiveri med 3 retters middag og frokost, og ruslar bort til kaien. Lokalbåten går frå Bekkjarvik kai kl. 10.10/ 13.15.
Du er tilbake i Bekkjarvik kl. 15.07 / 17.56 (evt. + 15 min.)

Lunsjen har du med deg i form at ei picknick-korg frå gjestgiveriet – beståande av alkoholfri drikke og lokale smakar som spekemat e.l., brød og noko søtt.

Båten stoppar på Hevrøy, Lundøy, Litlekalsøy og Møkster.
Me har lagt opp turen med landgang – og eit par timars stopp – på Møkster, som er kjent for spektakulær geologi og eit vakkert kultur- og kystlandskap.
Båten har anløp i Naustvåg på sørsida av øya. På kaien står eit velholdt, kvitt trehus med påmalt namn på øya i sorte blokkbokstavar.
Her finn du og kart over Møkster, som viser veg til dei viktigaste stadane på øya;

  • Jettegrytene
  • Vikinggrav
  • Utsiktspunkt langs turløyper
  • Svinekalven, besøksmål Magma Geopark (se info. nederst i teksten)
  • Badevika med sandstrand
  • Nærbutikken

De vil heilt sikkert treffe både tam villsau og sjå ørn som svever over havet og landskapet.

Møkster er så liten at det er umogleg å gå seg vill, men likevel så stor at tida fort kan bli knapp om ein ikkje planlegg dei få timene ein har på øya.

Øyas nærbutikk (open nokre timar kvar dag unntatt helligdagar) er øyas møteplass – med bord og benkar utanfor.
Snakk gjerne med lokalbefolkningen når du kjem, så får du høyre siste nytt og få gode tips.

Turen foregår på eigenhand, og føljer dei til einkvar tid oppsatte rutetider.
Me tek forbehald om endringar i Skyss sine rutetider.

Varighet:         Denne turen varar i ca. 5 eller 7 timer avhengig av kva for ei rute ein vel.

Fra Bekkjarvik kl. 10.10 eller kl. 13.15
Ankomst Møkster kl. 10.40 eller kl. 13.45
Retur fra Møkster kl. 14.45 eller 17.31
Ankomst Bekkjarvik kl. 15.07 eller 17.56 (evt. + 15 min.)

Blir du med hele runden, er det videre stopp på Storebø, Sandtorv, og Hufthamer,..– retur sammesteder.

Sjekk før avreise at ruten går som planlagt, og om du velger å få av på andre stoppesteder, sjekk at det er daglige anløp evt. om det er stopp på signal (på signal betyr at du må gi beskjed til båten, eller kaibetjenten, at du skal av eller på).

Tilbake i Bekkjarvik og på gjestgiveriet, kan du slappe av og gjera deg klar til ein velsmakande 3 retters middag i vår hyggelege restaurant.

Ynskjer du å ta deg rundt i øyriket, er det moglegheiter for å leige el-bil på Bekkjarvik Gjestgiveri, eller sykkel på sportsbutikken.

*

Kjekt å vite:

På Møkster kan du oppleve 1 av besøksmåla i Geopark Sunnholdland:

SVINEKALVEN, AUSTEVOLL/ MØGSTER

3 MRD. ÅR GAMAL KVARTSITT

På Møgster i Austevoll kan du besøke ein gjengløymt bit av Amerika. Eit eksplosivt magmakammer har skapt ein særeigen, kaotisk berggrunn på den vesle øya Svinekalven.

Midt i nordre Sunnhordland som består av 495 millionar år gammal havbunnsgeologi frå Iapetushavet, finnest her ein liten bit av det langt eldre Laurentia-kontinentet.

Den kaotiske berggrunnen involverer tre vidt forskjelliuge geolgiske prosessar; sedimentasjon, magmatisk aktivitet og metamorfose. På kryss og tvers over øya går harde, kvite band som små ryggar i terrenget. Dette er granittiske gongar som har trengt inn i dei sedimentære bergartene.
Kor mektig prosessen har vore kan ein sjå i parti der bergarten er falda etter å ha blitt delvis oppsmelta.

Møgster-øyane rundt Svinekalven består hovudsakleg av sedimentære bergarter som kvattsittar og marmor, omdanna under den Kaledonske fjellkjedefaldinga. Men sedimenta er målt til å vera 540 millionar år og dermed eldre enn resten av nordre Sunnhordland som hovudsakleg består av bergarter produsert av vulkanisme i Iapetushavet for om lag 495 millionar år sidan.
Men enno eldre; i bergartene i Svinekalven finnest mineral av om lag 3 milliardar års alder.

Her blir jordas kontinuerlege endringsprosessar over enorme tidsspenn synlege for den som har blikk og kunnskap nok til å tolke det som skrive er i stein.

Svinekalvens usedvanlege geologi gjer den til eit årleg besøksmål for studentar ved Institutt for geovitenskap v/UiB.

Kjelde: GEO nov.2019/Halvdan Carstens/Håvard Stubseid

Les meir om Geopark Sunnhordland HER..

Gjelder

Hele året

Varighet

2 netter/ 3 dager

Inkluderer

  • Overnatting og frokost i 2 døgn
  • 2 x 3 rettars middag
  • 1 x picnic-kurv med lokale smaker og 1 enhet alkoholfri drikke per person.
  • OBS: Billett lokalbåt som tillegg (ca kr 70,- per person per vei)

Høydepunkt

Legg inn info

Pris per person fra kr.

4 015,-