Magna Geopark – Svinekalven, Austevoll/ Møkster

GeoPark Sunnhordland

Øyriket, fjorden og fjella i Sunnhordland byr på geologisk arv og kultur av særskilt verdi, og har fått status som Norsk Geopark.

Moster Amfi er vår hovudportal, saman med Sunnhordland Museum og Folgefonnsenteret. Både tilrettelagte og urørte besøksmål gjev innsikt og oppleving. Og øvst ligg Folgefonna, breen som formar fjell, gjev rein energi og store naturopplevingar.

Les meir om Geopark Sunnhordland HER..

*

Ved Bekkjarvik kan du oppleve 2 av besøksmåla i Geopark Sunnholdland:

1. RAUGHOLMEN, AUSTEVOLL

PERIDOTITT

Ein spasertur på Raugholmen ved Bekkjarvik byr på ei sjeldan oppleving!

Her kan du gå på en bit av jordas indre, sjølve mantelen frå djupet under jordskorpa! Bergartene kallar me peridotitter eller olivinstein. Sjølv om det er den mest vanlige bergarten på jorda ser me den sjeldan på jordas overflate.

Mantelen utgjer over 80% av jordas volum, og består hovudsakleg av minerala olivin og pyroksen. Dette er mineral rike på jern og magnesium. Raugholmens karakteristiske brunfarge skuldast at jernet i minerala forvitrar og gjev den rustbrune fargen.

I dag er det lite igjen av dei opprinnelige minerala. Dei har reagert med varmt vatn djupt nede i skorpa og blitt omdanna til serpentin. Dét er i sin tur fyrste steg på vegen mot danninga av kleber, den mjuke steinen som har bygd middelalderkyrkjene våre, mellom anna i Bergen.

Nokre stader er serpentin-minerala fibrige (asbest). Ser du nøye etter vil du óg legge merke til nokre små, svarte mineral som glinsar. Dette er kromitt, eit krom-oksid.

Årsaka til at me kan sjå desse eksotiske bergartene i Austevoll skuldast den kaledonske fjellkjeda som bygde seg opp då dei gamle kontinenta Laurentia og Baltica kolliderte for over 400 millionar år sidan. Mantelen er nederste delen av ei havbunnsskorpe som vart pressa opp frå jordas indre og havna som en bit av Austevoll («ofiolittkompleks»).

Mantelen gjev opphav til all havbunnsskorpe på jorda. Når mantelen smeltar blir det laga ei basaltisk smelte som blir til gangkompleks og putelava. Dette kan sjåast andre stader i geoparken (Finnås, Bømlo).

Kjelde: Håvard Stubseid

2. SVINEKALVEN, AUSTEVOLL

3 MRD. ÅR GAMAL KVARTSITT

På Møgster i Austevoll kan du besøke ein gjengløymt bit av Amerika. Eit eksplosivt magmakammer har skapt ein særeigen, kaotisk berggrunn på den vesle øya Svinekalven.

Midt i nordre Sunnhordland som består av 495 millionar år gammal havbunnsgeologi frå Iapetushavet, finnest her ein liten bit av det langt eldre Laurentia-kontinentet.

Den kaotiske berggrunnen involverer tre vidt forskjelliuge geolgiske prosessar; sedimentasjon, magmatisk aktivitet og metamorfose. På kryss og tvers over øya går harde, kvite band som små ryggar i terrenget. Dette er granittiske gongar som har trengt inn i dei sedimentære bergartene.
Kor mektig prosessen har vore kan ein sjå i parti der bergarten er falda etter å ha blitt delvis oppsmelta.

Møgster-øyane rundt Svinekalven består hovudsakleg av sedimentære bergarter som kvattsittar og marmor, omdanna under den Kaledonske fjellkjedefaldinga. Men sedimenta er målt til å vera 540 millionar år og dermed eldre enn resten av nordre Sunnhordland som hovudsakleg består av bergarter produsert av vulkanisme i Iapetushavet for om lag 495 millionar år sidan.
Men enno eldre; i bergartene i Svinekalven finnest mineral av om lag 3 milliardar års alder.

Her blir jordas kontinuerlege endringsprosessar over enorme tidsspenn synlege for den som har blikk og kunnskap nok til å tolke det som skrive er i stein.

Svinekalvens usedvanlege geologi gjer den til eit årleg besøksmål for studentar ved Institutt for geovitenskap v/UiB.

Kjelde: GEO nov.2019/Halvdan Carstens/Håvard Stubseid

Gjelder

Hele året

Varighet

Etter ønske

Inkluderer

Naturopplevelse

Høydepunkt

Opplevelsen av den geologiske arv og kultur

Pris fra kr.

0,-

Alternativ uthevet kryddertekst her? Brukes eller slettes ved behov. Vises kun på desktop.

Overskrift på opplevelse

Minvenih illandusti quam, autempora nonet rerum et, vent, solendam asseque nihit, il maximen imincime diam quia et eum nobisimetum fuga. Nem harum eiciur aliberes sanitiam fugit laccume ndionsequis etur am asitiasiti consequ odignatur sinctio rerumqui tet aperum as endaectatur, quae nos sequiam rest, conectati nis susda viduscimil excesec ullest ut volupie nimus, ommos pre, sum quide endunt.

At invendiamusa di blandite qui dolorepe estrum non exerum faci blaut as doluptaqui am que veliquid que simus.

Sed moluptate veni offictibea pra dus ea necus derum quae ped quunt laboratempos mod quod quideri andant, nonserem inihitent aliquam, volesto tem am rem fugiatis vitiis as as quia cumquat incium aut vel et aut dit rehenis sedi tetur re pedit utem et offictatur aperspe rionsed quatam nonsecum is ducillab inum sequia voluptuscid eum quatibus.

Gjelder

Legg inn datoer

Varighet

Legg inn varighet

Inkluderer

Legg inn info

Høydepunkt

Legg inn info

Totalpris per person fra kr.

xxxx,-