MARITIM SOMMARFERIE I BEKKJARVIK – OM BORD PÅ VETERANSKIPET MS SUNNHORDLAND

Ferie om bord på MS Sunnhordland? Høyres ikkje det kjekt ut?
Veteranskipet M/S Sunnhordland ligg no til kai i Bekkjarvik – som hotellskip.  


Om bord på skipet:
Dette er familieferie heilt utenom det vanlege, der ein går tilbake i tid, og kan overnatta i maritime flotte omgivnader om bord på Veteranskipet MS Sunnhordland til kai i vakre Bekkjarvik. Her vil ein få servert enkel skipsfrukost om bord som Bekkjarvik Gjestgiveri lagar til.

MS Sunnhordland har 36 lugarar, med total sengeplass til 77 personar, fordelt på enkeltrom, dobbeltrom, og tre- eller firmannslugarar. Dei fleste med eige toalett og dusj.

Veteranskipet MS Sunnhordland har også flott akterdekk, der går det ann å sitja i sola å nyta noko godt i glaset. Skipet har alle rettigheter. Spelar ikkje været på lag, er det mogleg å trekkja inn i det flotte barområdet me har på dekk 3.


Bekkjarvik:
Bekkjarvik er eit sommarparadis med mykje kjekt å by på for liten og stor. Flotte badestrender, ballbinger og leikeplass innan umiddelbar nærleik. Samt handlesenter med tilgjengelegheit kvar dag i sommarmånadane.
Gode turmoglegheiter, fantastisk flott park som blømer heile sommaren, og sherpatrapper til Kongsen. Austevoll kommune har også fått dagstur hytte. Sykkelutleige via Intersport, eller elbil utleige hos Bekkjarvik Gjestgiveri.

Og er du kunstinteressert kan ein nyta sommarens kunstutstilling i Galleri Bekkjarvik.

Bekkjarvik kan også by på store matopplevingar for dei som ønskjer det, ein kan då tinga seg bord hos Bekkjarvik Gjestgiveri.
Om ein ønskjer anna alternativ så er det også moglegheit for «fastfood» i Bekkjarvik sentrum, då nærare bestemt hos Smakeriet Burger Bar.


Pris og info gjeldande maritim sommarferie:

Tidsrom:
Søndag 10 juli (MS Sunnhordland ankomst Bekkjarvik kl. 18:00) til siste dag Søndag 31 juli (Veke 28,29 og 30).

Pris Mandag til torsdag
Pris pr. voksen pr. køy pr. døgn kr 890 inkl. frokost og kr 445 for barn mellom 4-12 år (gratis u/ 4 år)

Pris Torsdag til Søndag
Pris kr 1.500 pr. køy pr. voksen pr. døgn inkl. frokost, og kr 750 for barn mellom 4-12 år (gratis u/ 4 år)

Innsjekk ankomstdag kl. 15:00 og utsjekk kl. 12:00


Booking og informasjon
Ta kontakt via epost resepsjonen@mssunnhordland.no eller ring Jakob 941 18 676.
Du kan også senda spørsmål som gjeld booking av lugar til mail adresse: resepsjonen@mssunnhordland.no

For bordreservasjon på Bekkjarvik Gjestgiveri: restaurant@bekkjarvikgjestgiveri.no
Tlf. Bekkjarvik Gjestgiveri: 55084240

Hjertelig velkommen om bord – til ein unik sommarferie med gode opplevelser i idylliske Bekkjarvik!