MAGMA GEOPARK SUNNHORDLAND

Øyriket, fjorden og fjella i Sunnhordland byr på geologisk arv og kultur av særskilt verdi, og har fått status som Norsk Geopark.

Moster Amfi er vår hovudportal, saman med Sunnhordland Museum og Folgefonnsenteret. Både tilrettelagte og urørte besøksmål gjev innsikt og oppleving. Og øvst ligg Folgefonna, breen som formar fjell, gjev rein energi og store naturopplevingar.

Les meir om Geopark Sunnhordland HER..

*

Ved Bekkjarvik kan du oppleve:

RAUGHOLMEN, AUSTEVOLL

PERIDOTITT

Ein spasertur på Raugholmen ved Bekkjarvik byr på ei sjeldan oppleving!

Her kan du gå på en bit av jordas indre, sjølve mantelen frå djupet under jordskorpa! Bergartene kallar me peridotitter eller olivinstein. Sjølv om det er den mest vanlige bergarten på jorda ser me den sjeldan på jordas overflate.

Mantelen utgjer over 80% av jordas volum, og består hovudsakleg av minerala olivin og pyroksen. Dette er mineral rike på jern og magnesium. Raugholmens karakteristiske brunfarge skuldast at jernet i minerala forvitrar og gjev den rustbrune fargen.

I dag er det lite igjen av dei opprinnelige minerala. Dei har reagert med varmt vatn djupt nede i skorpa og blitt omdanna til serpentin. Dét er i sin tur fyrste steg på vegen mot danninga av kleber, den mjuke steinen som har bygd middelalderkyrkjene våre, mellom anna i Bergen.

Nokre stader er serpentin-minerala fibrige (asbest). Ser du nøye etter vil du óg legge merke til nokre små, svarte mineral som glinsar. Dette er kromitt, eit krom-oksid.

Årsaka til at me kan sjå desse eksotiske bergartene i Austevoll skuldast den kaledonske fjellkjeda som bygde seg opp då dei gamle kontinenta Laurentia og Baltica kolliderte for over 400 millionar år sidan. Mantelen er nederste delen av ei havbunnsskorpe som vart pressa opp frå jordas indre og havna som en bit av Austevoll («ofiolittkompleks»).

Mantelen gjev opphav til all havbunnsskorpe på jorda. Når mantelen smeltar blir det laga ei basaltisk smelte som blir til gangkompleks og putelava. Dette kan sjåast andre stader i geoparken (Finnås, Bømlo).

Kjelde: Håvard Stubseid