Sommarferie – for heile familien

Heile familien vil ha glede av ein spanande og aktiv ferie i Bekkjarvik. Øyriket Austevoll byr på storslått kystnatur, milevis av merka turløyper, og eit nytt, flott badeanlegg «Austevollbadet» på Storebø.

Bekkjarvik har eit hyggelig sentrum, lokalisert i ein av dei mange rolege og trygge vågene i Austevoll. Her kjem dykk tett på dyrelivet; villsauen går langs vegen, mens ørna glir stille over havet.

Pakkepris Sommerferie 2020:
Pris v/ min. 2 døgns opphald i familierom:
Kr 3.200,- per døgn for 2 vaksne og 2 born under 12 år– som inkluderer følgande;
• Rom med 2 soverom
• Frukost
• 2 retters middag

De overnattar i romslege familierom med 2 soverom og bad.

*

Kor aktiv ein vil vere, er opp til dykk, men valmoglegheitane er mange:

  • Gode turmoglegheiter i området.
    • Opplev dei nybygde sherpatrappene opp Kongskleiva mot Kongsfjellet. Dette er ein populær tur som blir lønna med flott utsikt over øyriket Austevoll og landskapet innanfor, med Folgefonna skinnande i horisonten. Kongsfjellet ligg 187 m.o.h., og på toppen kan ein finne kongsgraver som stammar tilbake frå vikingtida. Turen opp trappene passar godt for både store og små.
    • Globen på Stolmen er ei anna familievennleg tur, ca. 10 min unna Bekkjarvik med bil. https://www.visitsunnhordland.no/ting-a-gjera/globen-pa-stolmen-tysk-radar-og-lytteanlegg-p811163
    • Ynskjer ein å oppleve opent havgap, anbefaler me Skansen, som ligg ca. 45 min unna med bil. https://ut.no/turforslag/114237
    • Kyststien i Bekkjarvik er ein behageleg tur, som fyljer kysten i variert landskap med lune viker og vêrharde knausar.
  • Austevollbadet berre 15 min kjøretur unna.
  • Moglegheit for fiske.
    • Fisk er det godt av i sjøen rundt Bekkjarvik og havet utanfor, og den biter villig både frå land og frå båt. Fiskebåt med ein lokal fiskar kan bookast ved førespurnad.
  • Fine veger for sykling. Med sykkel kan ein oppleve øya på en unik måte, då ein har moglegheita til å utforske alle krikar og krokar.
  • Idrettspark med volleyballbane, fotballbane, tennisbane.
  • Leikeplass for de unge ligg eit par minuttars gåtur unna – like bak hotellet
  • Bekkjarvik Torg med 22 butikkar, treningssenter, solsenter og spa.
    • Eit moderne handlesenteret i ein flott historisk bygning, med eit kysthistorisk museum blant butikkane. Reis tilbake i tid i form av flotte båtmodellar frå reiarlaget Halstensens flåte, historiske bilete og utstillingar som visar noko av øysamfunnets historie.
  • Galleri Bekkjarvik med unike kunstskattar
  • Bekkjarvik park på 40 mål med flott rosehage ligg rett ved hotellet, og er vel verdt eit besøk.
  • Sandstrand 50 meter unna for dei som er ekstra tøffe på denne tida av året.

Vi ynskjer dykk hjarteleg velkomne til Bekkjarvik og håpar de får eit opphald som skaper minner for livet.