Bekkjarvik Gjestgiveri

Opplev øyperlene Austevoll og Tysnes på sykkel!

Leiter du etter den perfekte turen for deg og kjærasten? Treng du å roe ned frå kvardagsstress for å få ny energi? Eller kva med å samle vennegjengen til ein annleis weekendtur?

Opplev øyhopping med sykkel! Turen går til øyperlene Austevoll og Tysnes, med utganspunkt i Bergen. Her bur du på to historiske hotell - Bekkjarvik Gjestgiveri og Haaheim Gaard - der ein vil bli tatt godt imot av eit vertskap som er oppteken av at du skal føle deg som heime.

Etter ein lang dag på sykkelen – men mange nye inntrykk og vakker natur, får du servert kvalitetsmat med sesongbasert lokale råvarer, med gode historier attåt.