Bekkjarvik Gjestgiveri

Opplev segling i frisk vestlandsvind! 

I samarbeid med FjordFun AS har vi gleda av å tilby våre gjestar segling med guide/skippar. Frå april til oktober ynskjer vi velkommen ombord til alle som kunne tenkje seg å oppleve vår heilt unike natur her i havgapet, med utsikt mot fjord og fjell eller horisonten i vest. Nyt friheten med vind i segla, bølgeskvulp, salt sjø og måkeskrik. 

Vi tar imot grupper frå minimum 2 til maksimum 7 personar. Det er ikkje krav om nokon tidlegare seglekunnskap, så alle som vil kan prøve seg. Følg med på instruksjonar, ver med å delta om du vil, og lær å segle i nydelege omgivnader.

Pris kr 995 per person for 2 timer. Kr 1500 i tillegg per time for heile gruppa.

Vi tar sjølvsagt omsyn til vêr og vind og stiller med all nødvendig utstyr som flytedrakter og redningsvestar, men det er viktig at dekan kler dykk etter vêret med gode sko og solid yttertøy. Om ein ynskjer kan ein bestille lunsj hos oss og ta det med på båten. Dette kjem då utanom prisen nemnt ovanfor. Ein kan og spise i restauranten før avreise, eller nyte ein middag seinere etter ein koselig dag på sjøen.

Siste frist for booking av båt er 2 dagar før ein ynskjer å dra på segletur.

NB: Ingen alkohol og rusmidlar om bord på grunn av sikkerhet.

Kontakt oss her for booking