Bekkjarvik Gjestgiveri

Bekkjarvik Gjestgiveri er kjent for sitt gode kjøkken som er basert på ferske og lokale råvarer. Me er stolte av våre kokkar, Ørjan og Arnt Johannessen, som har høysta hæder og ære for sine prestasjonar i kokkeyrket. Ørjan med sitt gull i Bocuse d´Or Lyon og Arnt med den høgste annerkjenning i Norges Kokkmesteres Landsforening: “Årets Kjøkkensjef”.

Saman med vårt team på kjøkkenet setter Arnt og Ørjan menyane kvar dag med eit mål: At du som gjest, skal få ein matoppleving du ikkje gløymer.

Naturen rundt Bekkjarvik er gåvmild, her høystar me ulike fiskeslag, skjell og skalldyr. På våre vakre lyngheier og i skogen beitar villsau og hjort, og våre kokkar går gjerne ut i skogen ein tidlig morgon for å sanka vill ramslauk og urter.

”Smak av Kysten” har satt sitt kvalitetsstempel på vårt kjøkken. Kriteriet for å komma inn i dette celebre selskapet er høg kvalitet på både råvarer og mat.

Ved sida av restaurantdrifta leverer me og catering med kaldtbord, varmrettar, skalldyrbord, middagar, tapas, snittar, kaker og meir.