Bekkjarvik Gjestgiveri

Påskeferie for hele familien – i kystperleriket Austevoll

Heile familien vil ha glede av ein spanande og aktiv ferie i Bekkjarvik. Øyriket Austevoll byr på storslått kystnatur, milevis av merka turløyper, og eit nytt, flott badeanlegg.

Bekkjarvik har eit hyggelig sentrum, lokalisert i ein av dei mange rolege og trygge vågene i Austevoll. Her kjem dykk tett på dyrelivet; villsauen går langs vegen, mens ørna glir stille over havet.

Kor aktiv ein vil vere, er opp til dykk, men valmoglegheitane er mange:

  • Moglegheit for fiske.
    • Fisk er det godt av i sjøen rundt Bekkjarvik og havet utanfor, og den biter villig både frå land og frå båt. Fiskebåt med ein lokal fiskar kan bookast ved førespurnad.
  • Austevollbadet berre 15 min kjøretur unna.
  • Gode turmoglegheiter i området.
    • Opplev dei nybygde sherpatrappene opp Kongskleiva mot Kongsfjellet. Dette er ein populær tur som blir lønna med flott utsikt over øyriket Austevoll og landskapet innanfor, med Folgefonna skinnande i horisonten. Kongsfjellet ligg 187 m.o.h., og på toppen kan ein finne kongsgraver som stammar tilbake frå vikingtida. Turen opp trappene passar godt for både store og små.
    • Globen på Stolmen er ei anna familievennleg tur, ca. 10 min unna Bekkjarvik med bil. https://www.visitsunnhordland.no/ting-a-gjera/globen-pa-stolmen-tysk-radar-og-lytteanlegg-p811163
    • Ynskjer ein å oppleve opent havgap, anbefaler me Skansen, som ligg ca. 45 min unna med bil. https://ut.no/turforslag/114237
    • Kyststien i Bekkjarvik er ein behageleg tur, som fyljer kysten i variert landskap med lune viker og vêrharde knausar.
  • Fine veger for sykling. Med sykkel kan ein oppleve øya på en unik måte, då ein har moglegheita til å utforske alle krikar og krokar.
  • Idrettspark med volleyballbane, fotballbane, tennisbane.
  • Leikeplass for de unge ligg eit par minuttars gåtur unna – like bak hotellet
  • Bekkjarvik Torg med 22 butikkar, treningssenter, solsenter og spa.
    • Eit moderne handlesenteret i ein flott historisk bygning, med eit kysthistorisk museum blant butikkane. Reis tilbake i tid i form av flotte båtmodellar frå reiarlaget Halstensens flåte, historiske bilete og utstillingar som visar noko av øysamfunnets historie.
  • Galleri Bekkjarvik med unike kunstskattar
  • Bekkjarvik park på 40 mål med flott rosehage ligg rett ved hotellet, og er vel verdt eit besøk.
  • Sandstrand 50 meter unna for dei som er ekstra tøffe på denne tida av året.

 

Pakkepris påsken 2019:

Pris v/ min. 2 døgns opphald i familierom:

Kr 3.200,- for 2 vaksne og 2 born under 12 år per døgn – som inkluderer følgande;

  • Rom med 2 soverom
  • Frukost
  • 2 retters middag

De overnattar i romslege familierom med 2 soverom og bad.

 

Vi ynskjer dykk hjarteleg velkomne til Bekkjarvik og håpar de får eit opphald som skaper minner for livet.

 

For booking: Ring oss på tlf. 55084240