Om oss

Bekkjarvik Gjestgiveri ligg heilt nede ved hamna i idylliske Bekkjarvik. Omkransa av historie i form av gamle bygg og kaianlegg som før i tida var hjarta i den gamle fiskartettstaden Bekkjarvik – berre ein kort hurtigbåttur frå Bergen. Gjestgiveriet vart etablert då den danske kongen, Kong Christian Quart, på 1600-tallet vedtok at det skulle byggjas gjestehus for kvar halve eller hele dagsreise i skipsleia.

Bekkjarvik-exterior

I dag er Bekkjarvik Gjestgiveri ei lun hamn både for nordmenn og for utanlandske gjestar. Mange kjem hit for å få ro og fred og nyte nokre rolige dagar i vår vakre natur, og naturligvis også for å ete og drikke godt. Det er ikkje utan stolthet me kan ønske velkommen til bords med nokre av landets beste kokkar på kjøkkenet. Våre to seniorkokkar, tvillingbrødrene Ørjan og Arnt Johannessen har markert seg både med gull i Bocuse d´Or Lyon og blitt kåra til Årets Kjøkkensjef av Norges Kokkmesteres Landsforening.

orjan-og-arnt-i-trapp2